Nyhetsticker

For mykje alkohol og sigarettar

Svinesundtollarar fann 135 000 sigarettar og 4 575 liter alkohol skjult i last med røyr.

Foto: Tollvesenet

Fortollingsdokumenta sa at lasta inneheldt 6,2 tonn med røyr, men sjåføren hadde òg lasta inn store mengder alkohol og sigarettar.

Smuglinga vart avdekt då tollarane på Svinesund skanna ein polsk registrert semitrailer om morgonen 3. februar. Sjåføren hadde då deklarert ei last med røyr til eit firma på Vestlandet.

Skannaroperatøren såg at det låg for mange kolli inst på traileren. Tollarane fann i alt 135 000 sigarettar, 4 536 liter øl og 39 liter brennevin her.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*