Nyhetsticker

Kostnadsindeks for lastebiltransport, juni 2015

Auka dieselprisar drog kostnadene opp

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 1,1 prosent frå mai til juni 2015. Årsaka er prisauke på diesel. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 0,8 prosent.

SSB_160715

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 5,0 prosent den siste månaden. Frå juni 2014 til juni 2015 gjekk drivstoffindeksen ned 3,0 prosent.

Auka dekkprisar

Dekkindeksen auka med 0,5 prosent frå mai til juni 2015. Dei siste tolv månadene gjekk dekkindeksen opp 0,5 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,4 prosent den siste månaden. Frå juni 2014 til juni 2015 gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 3,0 prosent.

Auka administrasjonskostnader

Administrasjonskostnadene gjekk opp 0,1 prosent frå mai til juni 2015. Dei siste tolv månadene auka dei totale kostnadene med 2,2 prosent.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*