Nyhetsticker

Bakte amfetamin inn i brød

Smuglarane hadde bakt totalt seks kilo amfetamin inn i fire brød, men tollarane på Svinesund let seg ikkje lure.

Foto: Tollvesenet

Tollbeslaget var eit faktum då tollarane vinka ein polsk registrert minibuss inn til tollkontroll om kvelden fredag 4. juli. Seks personar var i bussen, to av desse var sjåførar.

Ein 34 år gamal polsk statsborgar sa at han skulle vitje ein ven i Oslo og vere i Noreg ei veke. Då tollarane søkte gjennom bagasjen fann dei i alt fire brød og nokre matvarer. I brøda låg det i alt seks kilo med amfetamin.

Østfold politidistrikt tok over ansvaret for brød med amfetamin og den mistenkte smuglaren. Dei andre fem personane i bilen måtte og til avhør hos politiet.

toll_1_241014

Foto: Tollvesenet

Leave a comment

Your email address will not be published.


*