Kostnadsindeks for lastebiltransport, februar 2016

Nedgang i dieselprisen

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 1,0 prosent frå januar til februar 2016. Frå februar 2015 til februar 2016 gjekk dei totale kostnadene ned med 0,9 prosent.

Kostnadsindeks for lastebiltransport (2009=100)
Indeks Prosent
Januar 2016 – Februar 2016 Februar 2015 – Februar 2016 Februar 2011 – Februar 2016
Februar 2016
Totalindeks 115,7 -1,0 -0,9 7,2
Totalindeks, unntatt ferge- og bomkostnader 115,2 -1,0 -0,9 6,8

Figur 1. Kostnadsindeks for lastebiltransport. Prosentvis endring frå same månad året før

Nedgang i dieselprisen
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 5,7 prosent den siste månaden. Frå februar 2015 til februar 2016 gjekk drivstoffindeksen ned med 9,8 prosent.

Auka løn og sosiale kostnader
Lønsindeksen auka med 0,5 prosent frå januar til februar 2016. Dei siste tolv månadene gjekk lønsveksten for tilsette innan lastebiltransport opp 1,1 prosent.

Høgare dekkprisar
Dekkindeksen gjekk opp 0,4 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Dei siste tolv månadene gjekk dekkindeksen opp 2,4 prosent.

Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,4 prosent den siste månaden. Frå februar 2015 til februar 2016 gjekk denne delindeksen opp 2,0 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka 0,2 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene auka reparasjons- og servicekostnadene med 3,6 prosent.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.