Vogntog hadde 23 500 liter alkohol i lasta

Traileren inneheld over 23 000 liter alkohol under plastsekkane. Foto: Tolletaten.

Tollarane på Svinesund avdekka 23 542 liter alkohol i eit vogntog i august.

-Vogntoget var lasta med 22 680 liter øl og 862 liter brennevin. Dette er eit stort tollbeslag av alkohol. Det utgjer nær 1,7 millionar kroner i avgifter, seier seksjonssjef Wenche Fredriksen i grensekontrollen på Svinesund.

– Kvar dag køyrer 1 300 trailerar med last inn i Noreg via Svinesund. Sjåføren av det polske vogntoget var innom tollstasjonen, men fortolla ikkje lasta. Mistenksame, erfarne tollarar stoppa difor vogntoget då det var i ferd med å forlate tollstasjonen om kvelden 6. august.

Vogntoget vart skanna og skannaroperatøren såg at semihengaren var lasta med alkoholvarer. Tollarane tok hand om alkoholvarene medan politiet tok hand om sjåføren (46). Tollbeslaget er ikkje kjent før no av omsyn til etterforskinga.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.