Regjeringa opprettar nytt forum for norsk vegtransportnæring

Foto: Henrik Jonassen/SD

– Det er eit klart mål å sikre konkurranseevna til norsk transportnæring. Det er viktig for å sikre investeringar og rekruttering. Vi har allereie i dag eit godt samarbeid med bransjen. No ønskjer vi å formalisere det med eit eige vegtransportforum Målet er å få ei fortløpande skildring av situasjonen i vegtransportmarknaden og å få vite kva slags utfordringar næringa og arbeidstakarane står overfor i det daglege, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det nye vegtransportforumet skal møtast 3-4 gonger i året. Deltakarane skal kome med innspel til moglege tiltak innanfor dagens regelverk og bidra til utvikling av nye reglar på vegtransportområdet.

Det første møtet i forumet blei halde i dag, 13. desember, hos Samferdselsdepartementet. Tema var EU-kommisjonens mobilitetspakkar, der sosiale rettar og like arbeidsvilkår for næringa er sentralt.

– Noreg er med i Road Alliance saman med ei rekke andre land i Europa for å kjempe for betre trafikktryggleik, ryddigare reglar rundt kabotasje, og krav om sosiale rettar for å betre arbeidsvilkåra og fremje likare konkurransevilkår i vegtransportnæringa. Dette er også sentrale tema i mobilitetspakkane EU jobbar med for tida. Det var derfor naturleg emne å ta opp på det første møte i gruppa, seier Solvik-Olsen.

Regjeringa har gjort ei rekke vedtak som styrker regelverket og kontrollaktiviteten for transportnæringa Kontrollnivået er kraftig auka og kontrollørane har fått tilgang til digitale hjelpemiddel. Regjeringa har mellom anna innført strengare krav til vinterdekk, opna for bruk av hjullås, betre kontroll av vinterutrusting og moglegheit for å halde att køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav.

Frå næringa deltek Spekter, NHO Logistikk og Transport, NHO Transport, Norges Lastebileier-Forbund, Norges Transportarbeiderforbund og Yrkestrafikkforbundet i forumet. På det første møtet, deltok Arbeids- og sosialdepartementet og Vegdirektoratet, i tillegg til Samferdselsdepartementet.

I andre møte vil andre styresmakter og organisasjonar delta ved behov. 

Stein
Daglig leder SKconsult. Redaktør logjobb.no

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.