No er det klart for bygging av Stad skipstunnel

Illustrasjon: Kystverket

– Bygginga av Stad skipstunnel vil fjerne ein viktig barriere for skipstrafikken i eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten. No stadfestar vi bygginga av prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Regjeringa la i dag fram forslag om å byggje Stad skipstunnel for Stortinget.

Bakgrunnen for prosjektet er dei spesielle seglingsforholda rundt Stad. Kombinasjonen av mykje vind, havstraumar og undersjøisk topografi i området skaper store, uføreseielege bølger og krevjande seglingsforhold.

Under dårlege vêrforhold bruker fartøy fleire gongar så lang tid på å passere Stad som under gode vêrforhold. Ikkje sjeldan må fartøy vente med å passere Stad. Ulykkesrisikoen er òg høgare enn på andre kyststrekningar, i tillegg til at stor sjøgang ofte gir skadar på utstyr og last.

Betre framkome og tryggleik

– Målet med prosjektet er å betre framkoma og tryggleiken for sjøtransport som skal passere Stadlandet. Det betyr at skipstrafikken ikkje skal ha forseinkingar av betyding på grunn av forholda ved Stad, og at ulykkesrisikoen ikkje skal vere høgare enn gjennomsnittet for kysten, seier Hareide.  

Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipet MS Midnatsol og ein (stor) ringnottrålar. Det vil seie ei seglingsbreie på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og eit seglingsdjup på 8 meter.

– Dette vil bli den første skipstunnelen i verda av ein slik storleik. Stad skipstunnel er derfor eit pionerprosjekt der Norge går føre, seier samferdselsministeren.  

Kilde: SD

Daglig leder SKconsult. Redaktør logjobb.no

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*


Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.